Kulturarv

Fagenhet for kulturarv har som hovedarbeidsoppgaver forvaltning av nasjonalt og regionalt verneverdige kulturminner i fylket. Vi fordeler tilskudd til fredete bygninger og anlegg fra Riksantikvaren, fylkeskommunale midler til verneverdige bygninger og tilskudd til museer i fylket.

Kjell Marius Mathisen

Fylkeskonservator
Kjell Marius Mathisen
Tlf: 61 28 92 72
Mob: 412 10 421

6500 år gamal buplass i Hjerkinn skytefelt

Buplassen som vart funne i fjor sommar er nå datert til ca 4500 f.Kr.  Dette er ein av dei eldste kjende buplassane i Gudbrandsdalen.


Sommaren 2011 vart det funne ein buplass frå eldre steinalder i skytefeltet på Hjerkinn. Registreringa vart gjort av arkeologar i fylkeskommunen på oppdrag for Forsvarsbygg på prosjektet attendeføring av Hjerkinn skytefelt til sivile føremål (Hjerkinn PRO). Den nye registreringa er eit viktig tilskot til kunnskapen om dei eldste steinaldersamfunna i Lesja-Dovre området.

Buplass frå eldre steinalder

Innanfor området til Hjerkinn skytefelt har det vore folk i lang tid. Buplassen frå eldre steinalder ligg ved elva Svåne aust for Bandranden i Svånådalen.  Denne delen av skytefeltet ligg i Lesja kommune.

14C-dateringa av buplassen ga resultatet ca. 4500 f.Kr., som er i den siste perioden av eldre steinalder. Eldre steinalder blir rekna frå ca. 10 000- ca. 4000 f.Kr. i Noreg. Buplassen ved Svåne er med dette ein av dei eldste kjende buplassane i Gudbrandsdalen.  Frå Aursjøvassdraget, som ligg lengre vest i Lesja kommune, har ein eldre dateringar til 5000-talet f.Kr. Buplassfunna frå Aursjøen viser at det var ei auke i kulturspor nettopp i denne siste perioden av eldre steinalder (Amundsen, Engesveen og Finstad 2007).  

 Buplassen ved Svåne.

Buplassen ved Svåne

Buplassen ved Svåne ligg på ei flate i ein naturleg vinkel danna av ein rygg i terrenget, der sidene til ryggen gjev ly mot vær og vind mot nord og vest.  Flata er rydda for stein, samstundes som ei naturleg samling med stein dannar ei avgrensing av buflata. Det var denne fine flata som fyrst verka ”mistenkjeleg”, og som fekk arkeologane til å sjå nærare etter om ein kunne finne spor etter ein eventuell eldstad. I midten av flata kunne ein sjå ein svak kul i terrenget, og ved bruk av eit jordbor kjente ein at det var ein konsentrasjon av steinar i grunnen.  Ein opna svært spent opp eit lite prøvestikk der, for å sjå om ein kunne finne spor etter ein eldstad. Overraskinga var stor da det nesten rett under torva kom fram eit fragment av ei flekke av flint!

Fragment av flekke av flint i prøvestikket.

Ei flekke kan vere avfall frå reiskapsproduksjonen i steinalder, eller den kan faktisk også ha vore brukt som ein toegga kniv. Flekker har to parallelle skarpe eggar. Flint finst ikkje naturleg i Noreg, så den må steinalderfolka ha bytt til seg eller frakta med seg frå kysten, der ein kunne finne flintknollar på strendene frakta med drivis frå Danmark under smeltinga etter siste istid. Ved Aursjøen ser ein at bruken av forskjellige råstoff til reiskap og våpen og trekk ved gjenstandane tyder på kontaktar både mot sør, aust, vest og nord. Store buplassar i Aursjøvassdraget kan ha fungert som kulturelle møteplassar for folk i denne tida (Amundsen, Engesveen og Finstad 2007). Det er godt mogleg at folka som held til på buplassen ved Svåne også held til ved Aursjøen.

På buplassen ved Svåne kunne ein også sjå kolhaldig jord i laget under flekka. Kolet, saman med konsentrasjonen av steinar i dette området på buplassen kan tyde på ein eldstad. Ein kan sjå for seg at folka som har halde til her, har sete og laga nye reiskapar, skjerpa opp skjemte eggar eller drive med anna småarbeid kring bålet for ca. 6500 år sidan.

Mattis Danielsen og Harald Bugge Midthjell varmar hendene kring ”bålet” på buplassen.

Litteratur:

Amundsen, H.R., Engesveen, A. & Finstad, E. 2007. Arkeologisk registreringsrapport Aursjøenprosjektet 2006. Aursjømagasinet; Aursjøen, Grynningen og Gautsjøen, Dalsida Statsallmenning gnr 156/bnr 1, Lesja kommune, Oppland fylke. Kulturhistorisk rapport nr. 2007 – 2, Oppland fylkeskommune, Lillehammer.

Kommentarer:

  • Det er kolet som er datert, ja. Det er berre her på nettstaden vår at dette funnet er publisert enda. Det er ingen konkrete planar i forhold til å leite etter fleire slike buplassar, bortsett frå der det er aktuelt med synfaringar i det vanlege arbeidet til arkeologane i fylkeskommunen. Da vil ein sjølvsagt også vurdere potensialet for funn fra steinalder. Det finst heilt sikkert mange fleire buplassar og spor etter aktivitet etter steinaldersamfunna i Lesja og ellers i Oppland. Fleire funn vil kome! 15.02.2012 av Kjersti Tidemansen

  • Spennande funn!! Er det kolet som er datert? Reknar med dette ikkje er publisert enda - men det blir det vel? Har arkeologane planer om å saumfare terrenget lenger vest mot Aursjøen og kysten? Må vel finnast fleire mistenkjelege haugar... 10.02.2012 av Anders Romundset

  • Hei! Svånålægeret ligg eit stykke frå buplassen, ca. 7 km i luftline. 06.02.2012 av Kjersti Tidemansen

  • Hvor nær er Svånålægeret fra funnstedet ?? 03.02.2012 av Sidsel Reimers

Hva mener du?

Legg inn kommentar

 
Brukerverifisering Bilde for brukerverifisering  
 

Sist oppdatert: 07.02.2012

Publisert: 27.01.2012

Tidemansen, Kjersti