Kulturarv

Fagenhet for kulturarv har som hovedarbeidsoppgaver forvaltning av nasjonalt og regionalt verneverdige kulturminner i fylket. Vi fordeler tilskudd til fredete bygninger og anlegg fra Riksantikvaren, fylkeskommunale midler til verneverdige bygninger og tilskudd til museer i fylket.

Kjell Marius Mathisen

Fylkeskonservator
Kjell Marius Mathisen
Tlf: 61 28 92 72
Mob: 412 10 421

Studiar av ein storindustri i mellomalderen

Ny avhandling om den store jarnproduksjonen i Valdres og Hallingdal i mellomalderen.


Ole Tveiten ved Kulturarveininga i Oppland fylkeskommune forsvarte den 20.1.2012 doktorgraden sin om den gamle jarnvinna i Valdres og Hallingdal: Mellom aust og vest. Ein arkeologisk analyse av jarnvinna kring Langfjella i yngre jarnalder og mellomalder.

Avhandlinga tek utgangspunkt i dei mange arkeologiske undersøkingane som har blit gjennomført i desse dalføra dei seinare åra. Desse har synt at utvinning av jarn frå myrmalm har røter tilbake til århundra før Kr.f., og at dette må ha vore ein storindustri i utmarka gjennom store delar av av jarnalderen og mellomalderen.

Eit av områda som er særskilt granska er Filefjell, fjellovergangen mellom Valdres og indre Sogn. Her har utgravingar i samband med den store hytteutbygginga dei seinare åra synt stor jarnproduksjon i vikingtida og fyrste delen av mellomalder, før den stoppar opp på midten av 1200-talet. Tilsvarande undersøkingar i Hallingdal syner eit seinare høgdepunkt, med stor jarnproduksjon heilt fram til Svartedauden kring år 1350.

Ole Tveiten ved jarnvinneanlegg i TisleidalenI avhandlinga blir desse forskjellane i bruken av utmarka sett i samanheng med utviklinga av gardssamfunnet i dei to dalføra. Analyser av førhistoriske gravfunn og skriftlege kjelder frå mellomalderen og tidleg nytid peikar mot ein tidlegare ekspansjon i busetnaden i Valdres enn i Hallingdal. Også tilbakegangen og krisa i landbruket i seinmellomalderen ut til å inntreffe tidlegare i Valdres, kanskje allereie på slutten av 1200-talet.

Utgravinger har vidare synt at teknologien som er nytta for å lage jarn frå myrmalm varierer. Registreringar ei rad stadar i Valdres og Hallingdal peikar mot at dette er regionale handverkstradisjonar som særmerker dei to dalføra i mellomalderen.

Ole Tveiten var stipendiat ved Universitetet i Bergen frå 2008 til 2011, og arbeider i dag som konservator ved Kulturarveininga i Oppland fylkeskommune. Han har også delteke i arkeologiske undersøkingar av jarnvinneanlegg i Oppland i perioden 2005 til 2008.

Ei hustuft på eit jarnvinneanlegg på Filefjell

Utgraven omn for jarnframstilling

 

Sist oppdatert: 13.02.2012

Publisert: 13.02.2012

 

Opplandsjern

Du kan lese meir om jarnvinna i Oppland på sida til Opplandsjern: Opplandsjern