Regionalenheten har ansvar for og arbeider med nærings- og samfunnsutvikling, plan- og miljøoppgaver og strategisk samferdsel.
Fagenheten skal framstå med et ledende kompetansemiljø innen regional næringsutvikling, verdiskapning, miljø og samfunnsplanlegging. Fagenheten skal tilrettelegge for de som ønsker å bidra til økt verdiskapning og omstilling i Opplandssamfunnet.
Fagenheten ledes av Hjalmar Solbjør, assisterende fylkesrådmann, tlf. 61 28 91 64
Jana frå Tsjekkia og Jurate frå Litauen har med hjelp av stipend frå Oppland fylkeskommune fått sjansen til å ta ein del av studietida i Oppland. Erfaringane etter endt studieopphald er udelt positive!
Jana Blahova frå Pardubice i Tsjekkia og Jurate Rukstelaite frå Vilnius i Litauen kom til Høgskolen i Gjøvik gjennom EU sitt studentutvekslingsprogram Erasmus. At valget fall på Norge og Gjøvik, blant utvekslingsavtalar med mange større europeiske byar, har først og fremst med det faglige tilbudet å gjere. HiG har gode og anerkjente fagmiljø innan dei aktuelle områda (fargevitenskap for Jana og geomatikk for Jurate). På HiG har studentane fått tilgang til topp moderne utstyr som dei ikkje har ved sine heimeuniversitet. I tillegg får dei på HiG tilbud om undervisning og rettleiing på engelsk.
Likevel var det også eit par moment som talte mot Norge. ”Cold and expensive” er to vanlige motforestillingar blant potensielle utvekslingsstudentar. Etter eit halvt år i Norge har Jurate konkludert med at det ikkje er så kaldt likevel. Med stipendet frå OFK i tillegg til Erasmus-finansiering har også det økonomiske vore til å leve med.
Studentane opplever at det i Norge er mykje tettare kontakt mellom studentar og faglig tilsette, noko som dei meiner skaper eit positivt og godt læringsmiljø (i tillegg til at det er lov å drikke kaffe i klasserommet, noko som også bidrar til den gode stemninga). Jana og Jurate må ha blitt svært godt ivaretatt på HiG, for dei påstår at nordmenn smiler heile tida! Dei har blitt godt kjent med det norske samfunnet og prøvd seg på typisk norske aktivitetar som langrenn (som ikkje var så enkelt som det ser ut). Rolig og trygt er ord som går igjen når dei skal beskrive korleis dei opplever livet på Gjøvik.
Sjølv om utvekslingssemesteret går mot slutten, har jentene ingen planar om å ta farvel for godt. Jurate skal tilbake på ferie allereie i sommar, og Jana ønsker å forsette med ein doktorgrad på Høgskolen i Gjøvik.
Sist oppdatert: 27.06.2011
Publisert: 27.05.2011