Regionalenheten har ansvar for og arbeider med nærings- og samfunnsutvikling, plan- og miljøoppgaver og strategisk samferdsel.
Fagenheten skal framstå med et ledende kompetansemiljø innen regional næringsutvikling, verdiskapning, miljø og samfunnsplanlegging. Fagenheten skal tilrettelegge for de som ønsker å bidra til økt verdiskapning og omstilling i Opplandssamfunnet.
Fagenheten ledes av Hjalmar Solbjør, assisterende fylkesrådmann, tlf. 61 28 91 64
Ringebu kommune har fått støtte frå KS/NORAD til samarbeid med Mityana Town i Uganda. Målet med prosjektet er å få etablert ei betre renovasjonsordning i Mityana samt å bidra til utvikling av lokaldemokrati og godt styresett.
Prosjektet er fullfinansiert gjennom MIC-programmet (Municipal International Cooperation). Dette er eit program for samarbeid og partnarskap mellom norske og afrikanske, asiatiske og latinamerikanske kommunar. MIC er finansiert av NORAD, og KS administrerer ordninga. MIC har som målsetting å styrke lokaldemokratiet og den kommunale tenesteytinga i partnarkommunane.
Ringebu kommune og Mityana Town i Uganda leverte sommaren 2009 ein felles MIC-søknad og blei innvilga kr 100 000 til eit forprosjekt i 2010. Ein delegasjon frå Ringebu besøkte Mityana i fjor haust for å utarbeide søknad om eit 3-årig hovudprosjekt. Denne søknaden er no innvilga med kr 380 000 i inneverande år, og det kan forventast tilsvarande årlig støtte i 2012 og 2013.
Prosjektet har fått tittelen "Garbage sorting and sanitation project in Mityana Town", og ambisjonen er "Mityana - the cleanest town in Uganda". Målsettinga er å få på plass eit betre renovasjonssystem i Mityana, som er ein by med 40 000 innbyggjarar og eit sterkt veksande folketal. Ringebu vil bidra med å få på plass gode administrative og praktiske rutiner, samt kursing av tilsette i Mityana.
På landsbasis er 18 norske kommunar med i MIC-programmet. Kontakten mellom Ringebu og Mityana blei formidla via Gran kommune som i mange år har hatt samarbeid med Mukono og Lugazi, også i Uganda.
Les meir på websida til Ringebu kommune.
Sist oppdatert: 27.06.2011
Publisert: 14.04.2011
Programside for MIC