Fylkestinget er fylkeskommunens høyeste organ, og ledes av fylkesordføreren. Fylkestinget består av 37 valgte representanter. Arbeiderpartiet (17), Senterpartiet (5), SV (2) og Kristelig Folkeparti (1) sitter med makta, mens Høyre (7), Fremskrittspartiet (3) og Venstre (2) utgjør mindretallet.
Fylkesordfører Gro Lundby (Ap)
Fylkesordførerens kalender
To store prosjekt utmerka seg da fylkestinget behandla handlingsprogrammet for fylkesvegar.
Det nye handlingsprogrammet for fylkesvegar omhandlar både dagens fylkesvegnett og dei "øvrige" riksvegane som blir overført frå staten til fylkeskommunane frå 1.1.2010. Totalt utgjer det over 3000 kilometer veg. Nesten ein tredjedel er nye kilometer frå årsskiftet.
I handlingsprogrammet er det foreslått to store investeringsprosjekt på to av dei viktigaste fylkesvegane i Oppland, nemleg riksvegane 34 og 33. Begge prosjekta er i utgangspunktet for store i forhold til ressursane som er stilt til disposisjon. Fylkestinget vil i sitt vedtak derfor ha utreda korleis bompengefinansiering kan setjast inn i ein strategi for å gjera mogleg ei heilskapleg utbygging av rv 34 og rv 33.
Fleire av politikarane på fylkestinget tok til orde for å utbetre rv 33 heile vegen til Minnesund. Ein moglegheitsstudie for dette arbeidet skal utarbeidast og leggast fram for fylkestinget i juni 2010. (Sjå fylkestingsvedtaket.)
Under fylkestingsbehandlinga av handlingsprogrammet for fylkesvegar handla mykje av diskusjonen om formuleringar i vedtaket. Opposisjonen gjentok sitt eige forslag frå fylkesutvalet med mindre endringar. Men fylkesutvalets vedtak vart til slutt vedtatt med 19 mot 17 stemmer.
Den økonomiske ramma inneber litt auke i aktiviteten i forhold til gjeldande planperiode. Drift og vedlikehald har fått den største veksten av dei ordinære midla på grunn av to forhold: 1) Stor auke i utgiftene til funksjonskontrakter 2) av omsyn til det store etterslepet på 1,2 milliardar kroner. Investeringsaktiviteten er auka på grunn av låneopptak gjennom ei statleg ordning der Oppland kan låne 83 millionar kroner årleg.
- Vi har fått eit godt og offensivt handlingsprogram, der vi verkeleg gjer noko med det store etterslepet på vedlikehald, sa Sigmund Hagen (SV), som også er leiar i Oppland fylkes trafikksikkerheitsutval.
På investeringssida er det verdt å merke seg at gang- og sykkelvegar får 24% av ei ramme på 807 millionar kroner. Det er ein betydeleg auke frå førre periode. 16 av millionane til gang- og sykkelvegar går til sykkelbyane Gjøvik og Lillehammer.
- Gang- og sykkelvegsatsinga er bra både for trafikksikkerheit og folkehelse, påpeikte Sigmund Hagen.
I overtakinga av det nye fylkesvegnettet har Oppland kome dårleg ut økonomisk i forhold til andre fylke. Hedmark og Oppland er dei to fylka som har den lågaste ramma sett i forhold til antal kilometer veg. Dette skuldast blant anna at enkelte fylke har store bindingar knytta til store investeringsprosjekt på det "øvrige" riksvegnettet. Denne fordelinga er vidareført for perioden 2010-2013.
Dette har fleirtalet i transportkomitéen på Stortinget bemerka i Innstilling S. nr 300 (2008-2009) vedr nasjonal Transportplan 2010-2013 (19):Flertallet vil peke på at en etter hvert må komme over til en mer rettferdig fordelingsnøkkel til fylkene. I det videre arbeid med kriterier bør fortsatt vegstandard, veglengde og befolkning vektlegges. Ut fra en rimelighetsbetraktning bør de fylker som kommer dårlig ut de første årene pga. at bindinger inngår i kriteriene, etter hvert få kompensasjon for dette.
Fylkesrådmannen skriv i saksinnstillinga at det er viktig at dette blir følgd opp, slik at det kan bli ei meir rettferdig fordeling i neste periode. Det positive med det nye handlingsprogrammet er at ein nå kan sjå ein større del av vegnettet i samanheng. Det gir større handlingsrom og moglegheit for å bruke midla meir rasjonelt på tvers av gamalt og nytt fylkesvegnett.
Jørand Ødegård Lunde (H) uttrykte bekymring over den økonomiske situasjonen frå talerstolen på fylkestinget. Fylkeskommunen låner 332 millionar kroner til investeringar. Samstundes skrytte Lunde av den gode prosessen fylkeskommunen har hatt med Statens vegvesen, kommunane og regionane.
Fylkestinget vedtok også onsdag ei rammeavtale om forvaltinga av fylkeskommunen sitt vegansvar. I samband med forvaltningsreforma tek fylkeskommunen altså over ansvaret for 937 km med "øvrige" riksvegar samt ansvaret for Randsfjordferja, som fram til 1. januar 2010 har vore eigd og drive av Gran kommune. Formålet med rammeavtala er å:
- Dette er ei viktig rammeavtale for å sikre at samarbeidet gir meirverdi både for fylkeskommunen og Statens vegvesen. Avtala hindrar blant anna dobbeltarbeid, sa fylkesordførar Audun Tron.
Avtala viser ansvarsforhold og oppgåvefordeling mellom dei to partane. Fylkeskommunen er ansvarleg for å sikre at verdiane og funksjonane som ligg i fylkesvegnettet blir forvalta i tråd med overordna mål. OFK har også ansvar for å initiere administrative prosessar og å utarbeide og vedta ulike plandokument.
Statens vegvesen har ansvar for forvaltning, utbygging, vedlikehald og drift av fylkesvegnettet innanfor rammer som er fastsett av fylkeskommunen. Saksbehandlinga skal vera basert på sams vegadministrasjon. Statens vegvesen betener fylkeskommunen med felles vegadministrasjon.
Sist oppdatert: 09.12.2009
Publisert: 09.12.2009